Film eller digital fortelling på neste blogg?
Hei, no vil eg utfordre så mange studentar som mulig ved MKK til å lage ein liten film eller ei digital fortelling frå sin stasjon på familiedagen den 21.september på Volda bygdetun, Haualeitet. Du kan bruke mobitelefonen din til både filming og til å ta bilder med.
Eg vil vise deg nokre lenker som kan vere nyttige om om korleis du kan lage ei digitalt fortelling med Photo Story og Movie Maker. Her ser du nokre eit eksempel på ferdige digital fortellingar, dette er veldig effektivt og kjekt å sjå på! Her er oppskrifta på Photo Story 3.
Til filming med mobilkamera eller GoPro kamera kan ein filme ein arbeidsprosess. Ein kan bruke mange ulike gratis redigeringsverktøy som du kan finne på nett, for eksempel GoPro redigeringsverktøy. Eg vil også vise deg ein andre arbeidsprosessar som har vore filma, slik som fiskekakeproduksjon:
Steiking av fiskekaker. Film: Hans Førde.
Å bruke film eller digital fortelling er ein rask og morsom måte å formidle kunnskap på. For at filmen ikkje skal bli "langtekkelig" må den redigerast og varigheita på både film og digital fortelling bør vere på max 3-4 minutt. Tenk på kor raskt og fint du får presentert aktiviteten og formidlinga frå din stasjon på bloggen din!
Studentar som ikkje vel å lage film eller digitale fortelling kan framleis legge inn vanlige bilder og tekst frå familiedagen.
Det er svært viktig at de bruker Nettjuss når det gjeld å ta bilde av barn på Haualeite. Barn under 15 år må ha samtykke frå foreldre ved publisering av bilder.
Formålet med studiebloggane våre er å utvikling av digital kompetanse. Eg er nok ein digital immigrant og de er nok digitalt innfødde, les artikkel: Digital Natives vs Digital Immigrants.
Tilslutt, ei lita digital fortelling om hermetisering av plommer!
Lykke til alle sammen!
Hermetisering av plommer. Film: Iren Hammersvik.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar