torsdag 4. september 2014

Bloggstart på Mat, kultur og konservering MKK 101

Hei alle sammen!


Kari Ryslett, Høgskulen i Volda
Foto: Kari Ryslett. Høgskulen i Volda.
Det har vore ei spennande veke no når bloggane har strøyma på! Dette med blogg er heilt nytt for meg og eg ser at de alle no har oppretta blogg og fått lasta inn bilder, nokre har begynt på tekst og andre har jobba med utforming av bloggen sin.

Dette blir super både faglig og digital læring, og ikkje minst god marknadsføring for studiet vårt Mat, kultur og konservering!

Dersom de vil blogge frå dei andre samlingane kan du også gjere det her, men det er altså kun fire blogginnlegg som vil bli vurdert som grunnlag for å gå opp til eksamen.

Når det gjeld innlevering, skal de altså laste opp lenke av blogginnlegget på fronter innan oppgitt frist. På fronter vil de få godkjent, på vei eller ikkje godkjent. Den endelige vurderinga vert gitt etter 28. november 2014. Sluttvurderinga på fronter er personleg og den kan kun studenten lese.

Ute på bloggane skal vi etterkvart ha kvarandrevurdering eller "peer assessment". Då vert de delt inn i grupper og skal kommentere kvarandre sine bloggar etter gitte kriterium. Eg trur vi satsar på at alle skal kommentere fem bloggar, det kan vere nok å halde styr på!

Ein blogg er ei hypertekst og det er fint å "utvide teksten" med lenker til andre bloggar, filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil lenke eller LINK som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (Url), då får lesaren utvida og god forklaring av omgrep du bruker i teksten. No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen (kun eit par minutt): Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje liker ein kommentar så slett den!

Kanskje kan du bli den neste som blir Årets matblogger!!!

Lykke til med alle produkta de skal lage, familiedagen på Haualeite og med bloggane!

Sharing is the new way of learning!!!




Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda
Bilde og design: Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar