Årets matkulturbloggar på MKK vert kåra 6. desember 2014
Vi blir kanskje ikkje Norges beste bloggarar på eit halvt år eller kan å lage flotte bloggar slik som Trine, Tove, Lars eller Janne Kristin. Eller kan vi det? For å motivere, inspirere og ikkje minst at studentane følger med på kvarandre sine bloggar vil eg lage ei intern kåring av dei beste blogginnlegga frå studiebloggane til Mat, kultur og konservering (MKK). På den siste samlinga før jul, når vi har ete vår eigenproduserte julemiddag, vert det prisutdeling med SMAKfulle premiar til vinnarane i dei ulike kategoriane!
![]() |
Bildet er henta frå: http://www.riiseweb.no/ |
Kategoriane er:
1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
Kriteria er: gode bilder, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, pent, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!
Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt
fredag 5.desember 2014. Eg håper også at vi får stemmer og kommentar frå dei som har vore med å lære oss om blogging ved Høgskulen i Volda; Marianne Hagelia og Torbjørn Frantzen og ikkje minst kollega på matkultur Erik Fooladi som jobbar i Finland dette studieåret.
Kari Ryslett er prisutdelar - lykke til med blogginga!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar