torsdag 11. september 2014

Film eller digital fortelling på neste blogg?




Bildet er henta frå: http://www.wildandscenicfilmfestival

Hei, no vil eg utfordre så mange studentar som mulig ved MKK til å lage ein liten film eller ei digital fortelling frå sin stasjon på familiedagen den 21.september på Volda bygdetun, Haualeitet. Du kan bruke mobitelefonen din til både filming og til å ta bilder med.

Eg vil vise deg nokre lenker som kan vere nyttige om om korleis du kan lage ei digitalt fortelling med Photo Story og Movie Maker. Her ser du nokre eit eksempel på  ferdige digital fortellingar,  dette er veldig effektivt og kjekt å sjå på!  Her er oppskrifta på Photo Story 3.

Til filming med mobilkamera eller GoPro kamera kan ein filme ein arbeidsprosess. Ein kan bruke mange ulike gratis redigeringsverktøy som du kan finne på nett, for eksempel GoPro redigeringsverktøy. Eg vil også vise deg ein andre arbeidsprosessar som har vore filma, slik som fiskekakeproduksjon:

 
Steiking av fiskekaker. Film: Hans Førde.


Å bruke film eller digital fortelling er ein rask og morsom måte å formidle kunnskap på. For at filmen ikkje skal bli "langtekkelig" må den redigerast og varigheita på både film og digital fortelling bør vere på max 3-4 minutt. Tenk på kor raskt og fint du får presentert aktiviteten og formidlinga frå din stasjon på bloggen din!

Studentar som ikkje vel å lage film eller digitale fortelling kan framleis legge inn vanlige bilder og tekst frå familiedagen.

Det er svært viktig at de bruker Nettjuss når det gjeld å ta bilde av barn på Haualeite. Barn under 15 år må ha samtykke frå foreldre ved publisering av bilder.

Formålet med studiebloggane våre er å utvikling av digital kompetanse. Eg er nok ein digital immigrant og de er nok digitalt innfødde, les artikkel: Digital Natives vs Digital Immigrants.

Tilslutt, ei lita digital fortelling om hermetisering av plommer!

Lykke til alle sammen!

Hermetisering av plommer. Film: Iren Hammersvik.

tirsdag 9. september 2014

Årets matkulturbloggar på MKK vert kåra 6. desember 2014


Vi blir kanskje ikkje Norges beste bloggarar på eit halvt år eller kan å lage flotte bloggar slik som Trine, Tove, Lars eller Janne Kristin. Eller kan vi det? For å motivere, inspirere og ikkje minst at studentane følger med på kvarandre sine bloggar vil eg lage ei intern kåring av dei beste blogginnlegga frå studiebloggane til Mat, kultur og konservering (MKK).  På den siste samlinga før jul, når vi har ete vår eigenproduserte julemiddag, vert det prisutdeling med SMAKfulle premiar til vinnarane i dei ulike kategoriane!

Bildet er henta frå: http://www.riiseweb.no/

Kategoriane er:
1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt

Kriteria er: gode bilder, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, pent, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt
fredag 5.desember 2014. Eg håper også at vi får stemmer og kommentar frå dei som har vore med å lære oss om blogging ved Høgskulen i Volda; Marianne Hagelia og Torbjørn Frantzen og ikkje minst kollega på matkultur Erik Fooladi som jobbar i Finland dette studieåret.

Kari Ryslett er prisutdelar - lykke til med blogginga!

torsdag 4. september 2014

Bloggstart på Mat, kultur og konservering MKK 101

Hei alle sammen!


Kari Ryslett, Høgskulen i Volda
Foto: Kari Ryslett. Høgskulen i Volda.
Det har vore ei spennande veke no når bloggane har strøyma på! Dette med blogg er heilt nytt for meg og eg ser at de alle no har oppretta blogg og fått lasta inn bilder, nokre har begynt på tekst og andre har jobba med utforming av bloggen sin.

Dette blir super både faglig og digital læring, og ikkje minst god marknadsføring for studiet vårt Mat, kultur og konservering!

Dersom de vil blogge frå dei andre samlingane kan du også gjere det her, men det er altså kun fire blogginnlegg som vil bli vurdert som grunnlag for å gå opp til eksamen.

Når det gjeld innlevering, skal de altså laste opp lenke av blogginnlegget på fronter innan oppgitt frist. På fronter vil de få godkjent, på vei eller ikkje godkjent. Den endelige vurderinga vert gitt etter 28. november 2014. Sluttvurderinga på fronter er personleg og den kan kun studenten lese.

Ute på bloggane skal vi etterkvart ha kvarandrevurdering eller "peer assessment". Då vert de delt inn i grupper og skal kommentere kvarandre sine bloggar etter gitte kriterium. Eg trur vi satsar på at alle skal kommentere fem bloggar, det kan vere nok å halde styr på!

Ein blogg er ei hypertekst og det er fint å "utvide teksten" med lenker til andre bloggar, filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil lenke eller LINK som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (Url), då får lesaren utvida og god forklaring av omgrep du bruker i teksten. No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen (kun eit par minutt): Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje liker ein kommentar så slett den!

Kanskje kan du bli den neste som blir Årets matblogger!!!

Lykke til med alle produkta de skal lage, familiedagen på Haualeite og med bloggane!

Sharing is the new way of learning!!!




Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda
Bilde og design: Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda.