Takk for laget og god sommar!
Tida er komen for oppsummering og å sette sluttstrek for eit lærerikt og spennande år på Mat, kultur og konservering. I den siste veka har eg lese semesteroppgåvene. Tru meg, eg har sanneleg ikkje merka at det har både regna og at det har vore kaldt ute - sjølv i midten av juni! Eg har nytt det gode arbeidet mange av dykk har jobba med det siste halvåret. Treffande sitat og god faglig kvalitet har fått meg til å smile, le og til og med tårene har kome. Det har vore ei spennande reise å bli kjent med alle studentane som mennesker og ikkje minst med dykkar matkulturelle tilnærmingar frå mange ulike perspektiv.
Tema på semesteroppgåvene har vore: sauehald på Sandsøya, grauten si historie, brunost på Kalvatn, endring i ølpreferansar, tradisjonsmat på museum, matkultur og identitet på Bali, grøt på blogg og instagram, kams i Dalsfjorden, krigsmat på Hareid, kjøkkenredskap og utstyr i vikingtida, mølsgrat på nordmøre, bruk av kvann, sild og kval i Molde (byvåpenet), mat under krigen i Herøy, klepping av laks i Sogndal, middagsvanar i endring og kaffiens historie.
Mi siste utfordring vert omtrent slik: Kan de lage eit siste blogginnlegg, der de fortel kort om dei ulike blogginlegga de har laga før jul - tematisk fire stykker. Deretter kan de presentere semesteroppgåva med ny tekst eller bruk innleiing frå oppgåva di. Tilslutt kan du legge ved legg ei PDF-fil av semesteroppgåva di eller du kan lage ei hyperlenke til ei publisert utgåve.
Når nye lesarar kjem til din blogg, får dei då fort oversikt over kva dei kan leite etter i bloggen din og ikkje minst, de kan lese kvarandre sine semesteroppgåver.Fagblogg er læring og deling og det er eit viktig poeng av familie, venner og andre matkulturelt intresserte også kan få innsyn i alt dette gode og spennande materiale de har produsert gjennom eit studieår.
Digitale spor. Tilslutt vil eg seie at bloggen er eit viktig digitalt spor. Eg vil fortelle at ein av studentane på matkultur har fått seg jobb etter at arbeidsgivaren googla henne og fann henne via bloggen frå studiet. Ein faglig blogg innbyr til tillit og kan leie deg ut på nye eventyr!
Takk for laget og riktig god sommar til alle sammen!
Beste helsing Kari Ryslett
![]() |
Kvitveis plukka ved Høgskulen i Volda. Foto: Kari Ryslett |