lørdag 6. desember 2014

Tusen takk for super blogginnsats!




Bordet er dekka. Foto: Kari Ryslett
Julemiddagen vart tilberedt på undervisningskjøkkenet i dag og vi har kost oss med vårt eige heimelaga julemåltid med pinnekjøt, mørpølser, medisterpølser, rabbestappe, surkål, gode poteter, ripssaft, riskrem, raud saus og nysteikte krumkaker! Bordet var nydelig dekka og det lukta og smakte himmelsk sunnmørsk jul!


I dag var også dagen for tilbakemelding på bloggane og det fikk vi av Erik Fooladi via Adobe Connect frå Finland, (passord: studieblogg) sjå her og frå Marianne Hagelia som jobbar på medier og kommunikasjon, ho ga tilbakemelding på Mediaplayer, her. Vi satte stor pris på responsen og sender også ei stor takk til Torbjørn Frantsen som hjalp oss å opprette bloggane i august!

Den siste uformelle tilbakemeldinga var via viascreencast-o-matic frå faglærar Kari Ryslett, som er både stolt og kry av studentane sitt gode arbeid og strålande innsats! Sjå på denne lenka: Hipp hurra!


Det er 19 ulike bloggar om 4 ulike tema lenka til denne studiebloggen, det vil seie 76 blogginnlegg! Studentane har avgitt sine stemmer til dei ulike blogginnlegga og dei har kåra vinnarane av bloggkonkurransen i dei ulike kategoriane. Resultatet vart slik:


1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og  hermetisering: Mathias
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite: Anette
3. Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst: Rakel
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt: Hildegunn D.

Julestemning og god mat på alle fat. Foto: Kari Ryslett
 

Gratulerer til vinnarane og til dokke alle sammen, det har vore eit fantastisk kjekt semester på studiet Mat, kultur og konservering. Lykke til med lesinga til eksamen og eg ønsker alle ei riktig god jul!

Jul på studiet Mat, kultur og konservering ved Høgskulen i Volda. Foto Kari Ryslett