Snart bloggfinale!
Det er no berre få dagar igjen til bloggane skal vere ferdige og produktkassene med sylta og safta frukt og bær, tørka og salta kjøt og takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid skal innleverast. Vår eiga interne kåring av dei beste blogginnlegga skal skje på den siste samlinga før jul. Alle studentane skal stemme anonymt fredag 5. desember og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen laurdag 6. desember. Kategoriane er:
![]() |
Smakfulle premiar. Foto: Kari Ryslett |
1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
Til denne uhøgtidlege kåringa legg vi vekk dei formelle krava til fagblogg, og kriteria er:
gode bilder, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, pent, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!
Til slutt må eg seie at det har vore både lærerikt og spennande å leie mi første studentgruppe ved Mat, kultur og konservering (MKK) gjennom denne bloggprossessen. Det er mange blogginnlegg som verkelig er glitrande gode og som formidlar matkultur, handboren kunnskap og tradisjonar som lett kan verte gløymt. Eg ser også rom for forbedring og endringar i prossessen med denne arbeidsforma som til dømes tilbakemeldings- og vurderingsprossessen,. Samtidig kjenner eg på ei stor glede og eg er verkelig stolt av studentgruppa sine faglige prestasjoar og arbeidsinnsats med blogging. Tusen takk for at de har lagt igjen mange digitale spor for MKK ved Høgskulen i Volda på internett og ikkje minst fordi de har DELT matkulturell kunnskap med andre!
Lykke til med blogginnspurten!
.